Hentet fra regjeringen.no

Regjeringa vil at alle tilsette i barnehagane skal få utvikle kompetansen sin. – Vårt mål er å sikre alle barn eit godt barnehagetilbod. Da må alle som jobbar i barnehagane ha nødvendig og oppdatert kunnskap for å gi barna god oppfølging, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Nå har regjeringa revidert kompetansestrategien for tilsette i barnehagane for perioden 2018 – 2022. Det er for å gjere barnehagane enda betre i stand til å møte krava i den nye rammeplanen for barnehagen. Planen tredde i kraft 1. august 2017, og stiller tydelegare krav til at barnehagane må ha eit systematisk pedagogisk arbeid. 
Strategien har tiltak retta mot alle grupper tilsette i barnehagen. Strategien har som mål å bidra til at det blir fleire barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen, og at det blir fleire barnehagelærarar med utdanning på masternivå.

Regjeringen.no: Vil styrke kompetansen til alle tilsette i barnehagen.