Prosessen med rammeplanen til no

I 2013 fekk ei arbeidsgruppe i oppdrag å lage eit utkast til revidert rammeplanen for barnehagen. Prosessen omfatta del 1 og 2 av rammeplanen. Del 3 av rammeplanen, som mellom anna omhandlar det arbeidet barnehagepersonalet gjer med planlegging, dokumentasjon og vurdering av arbeidet, og det tverrfaglege samarbeidet, var ikkje ein del av revideringsprosessen. Dette fordi innhaldet i denne delen av rammeplanen vil henge saman med planlagde endringar i barnehagelova. I februar 2015 bestemde Kunnskapsdepartementet at heile rammeplanen skulle sjåast under eitt, og sette ein mellombels stopp i arbeidet i påvente av stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen.

Stortingsmelding og innspel frå sektoren

Regjeringa bestemde våren 2015 at det skulle lagast ei storingsmelding om kvalitet i barnehagen. Meldinga vart lagd fram våren 2016, og er eit grunnlag for revidering av Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver. Fram til oktober 2016 har Kunnskapsdepartementet arbeidd med utkast til ny rammeplan og henta inn innspel frå ulike aktørar i sektoren.

 ( https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/revidering-av-rammeplan/ )