Då spente fem- og seksåringar entra klasseromma hausten 1997 skulle skulekvardagen deira byggast på det beste frå både barnehage og skule. Leiken var ein viktig del og leseopplæringa venta dei med til året etterpå. Politikarane sitt mål med å la elevane starte eitt år tidlegare på skulen var å auke kunnskapen hos barna og betre resultata. Det tok ikkje lange stunda før fleire meinte at det vart for mykje fargelegging og leiking. Internasjonale målingar av elevane gav heller ikkje gode resultat.

I 2004 tok utdanningsminister Kristin Clemet (H) til orde for lese- og skriveopplæring frå første klasse og med Kunnskapsløftet tok den tradisjonelle skulen meir over for leiken. Noko anna som skjedde i klasserommet er at norma for kor mange lærarar det skulle vere per barn forsvann i 2003.

Les hele artikkelen her